8.12.2006



Kva er det beste du veit? Har du nokon gong ete så mykje at du kjenner feittet tyte ut av porene på huda? Er det lerkefuglen som kvidrer der ute? Har du høyrt om fluga Frida og maiskolben Mons? Ikkje det? Sjå performanceforestillinga MAT av og med Spring Produksjoner på skuretfestivalen

OBS: DET STOD FEIL DAG HER TIDLIGERE, VI SPILLER SØNDAG, IKKE FREDAG!

Torsdag 24. august kl. 20.00
Laurdag 27. august kl. 18.00
Søndag 28. august kl. 18.00

(Vi har tøflar. Dette går bra.)

Kafé Skuret ligg på samme sida som togstasjonen. Gå forbi fiskerestauranten Fru Inger, hald fram til du ser eit gult, sjarmerande, naustaktig skur. Der er det.

3.22.2006

Ta-taa!



Her ser dere vakre Lina, den heldige vinneren. Vi gratulerer igjen!

3.15.2006

Og vinnaren er....

Spring Produksjoner vil gjerne takke alle bidrag til barndomsminne-konkurransen. Me har fått mange dosar med inspirasjon frå dykk alle. Det er mykje forskjellig som har lokka fram smil og/eller gjenkjenning: Sanasol, julstomp, surstrømning, heksehyl, brødbakst, stakkars døde gullfiskar, eggeglas fylt med sjokoladeglasur, bikkjeslagsmål om ein kotelett, og mykje meir. Å velge ut ein vinnar var svært vanskeleg, men no er det avgjort for evig og alltid. Vinnaren er.....

LINA!!!!!!

"...ei sukkerbøsse som jeg stjal fra skapet for senere å gå med den gjømt i ei lita barneveske og helle stjålne sukkerdæsjer inn i munnen når ikke de voksne så det."

Juryen grunngjev kåringa med at Lina si vesle samling av ulike minne var både absurd og godt gjenkjenneleg - ein frisk kombinasjon. Lina får si eksklusive "Tenk på konsekvensene"-T-skjorte om nokre dagar. Me skal også legge ut bilete av denne flotte premien snart (me må berre laga ho først...). Så følg med, følg med - T-skjorta er på nett om nokre dagar.

I mellomtida seier me GRATULERER til Lina!

2.22.2006

KONKURRANSE!

Dette er den første konkurransen på bloggen vår! Her kjem oppgåva:

Har du eit barndomsminne om MAT? Send det til oss i kommentarfeltet!

Skriv inn svaret innan 15. mars. Basert på subjektive og særs uklare kriteriar kårar me ein vinnar som blir offentleggjort her på bloggen med brask og bram. Vinnaren får ein finfin premie, nemleg vår eksklusive "Tenk på konsekvensene"-T-skjorte!!! Lukke til!

2.08.2006

Berre vent!

Dette blir snart ein naturleg samlingsstad for Spring Produksjoners fanskare. Her får ein nemleg jevnlege oppdateringar på våre (les: vårt) nye, spennande prosjekt. Kjersti og Eli har løfta blikket frå fjorårets tabloidpresse, og blar no i kokebøker - årets performance handlar om MAT. Me kan love at det kunstneriske nivået i forestillinga blir betre enn i diktet nedanfor (sjølv om versefoten der er temmeleg unik). Bloggen skal også bli bra, når me berre får rydda opp litt på sida her. Etterkvart vil det kanskje koma kjekke oppgåver eller konkurransar der nettopp DU kan bidra med ein vits eller eit barndomsminne om mat, og kanskje nettopp DITT bidrag vil bli brukt i forestillinga. Alt er ope, ingenting er bestemt. Men bloggen blir bra.
Den blir god som graut. Snill som vanilje. Ein kul kotelett.

2.07.2006

Spring på nett

spring på nett
det handler om fett
og sukker og salt
kjersti er mett
hun spiser alt

det står mat
på vår nyeste plakat
hold din pust
eli øver på spagat
gled deg til august!