Spring produksjoner er ei teatergruppe der Kjersti Rognes Solbu og Eli Hårklau er aktørar. Spring held for tida ein låg profil. Men berre vent - vi skal ete og vekse oss store og tjukke. Kjersti er ein grautgrams, Eli likar best pinnekjøt.
I fjor var vi med på Skuretfestivalen i Trondheim, med Springs første produksjon. Vi tok utgangspunkt i landets tabloidaviser, og improviserte fram performanceforestillinga "Øyentrykksmerte". (Sjå meir på lenka under)
Vi har igjen meldt oss på Skuretfestivalen, denne gongen handlar det om MAT. På denne bloggen skal vi med jevne mellomrom oppdatere våre fans om utviklinga av forestillinga. Det vil koma kjekke oppgåver og konkurransar. Kanskje kan nettopp DU koma med bidrag som me tar med i arbeidet.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home