2.22.2006

KONKURRANSE!

Dette er den første konkurransen på bloggen vår! Her kjem oppgåva:

Har du eit barndomsminne om MAT? Send det til oss i kommentarfeltet!

Skriv inn svaret innan 15. mars. Basert på subjektive og særs uklare kriteriar kårar me ein vinnar som blir offentleggjort her på bloggen med brask og bram. Vinnaren får ein finfin premie, nemleg vår eksklusive "Tenk på konsekvensene"-T-skjorte!!! Lukke til!

2.08.2006

Berre vent!

Dette blir snart ein naturleg samlingsstad for Spring Produksjoners fanskare. Her får ein nemleg jevnlege oppdateringar på våre (les: vårt) nye, spennande prosjekt. Kjersti og Eli har løfta blikket frå fjorårets tabloidpresse, og blar no i kokebøker - årets performance handlar om MAT. Me kan love at det kunstneriske nivået i forestillinga blir betre enn i diktet nedanfor (sjølv om versefoten der er temmeleg unik). Bloggen skal også bli bra, når me berre får rydda opp litt på sida her. Etterkvart vil det kanskje koma kjekke oppgåver eller konkurransar der nettopp DU kan bidra med ein vits eller eit barndomsminne om mat, og kanskje nettopp DITT bidrag vil bli brukt i forestillinga. Alt er ope, ingenting er bestemt. Men bloggen blir bra.
Den blir god som graut. Snill som vanilje. Ein kul kotelett.

2.07.2006

Spring på nett

spring på nett
det handler om fett
og sukker og salt
kjersti er mett
hun spiser alt

det står mat
på vår nyeste plakat
hold din pust
eli øver på spagat
gled deg til august!