Spring Produksjoner
3.22.2006
3.15.2006
Og vinnaren er....
Spring Produksjoner vil gjerne takke alle bidrag til barndomsminne-konkurransen. Me har fått mange dosar med inspirasjon frå dykk alle. Det er mykje forskjellig som har lokka fram smil og/eller gjenkjenning: Sanasol, julstomp, surstrømning, heksehyl, brødbakst, stakkars døde gullfiskar, eggeglas fylt med sjokoladeglasur, bikkjeslagsmål om ein kotelett, og mykje meir. Å velge ut ein vinnar var svært vanskeleg, men no er det avgjort for evig og alltid. Vinnaren er.....
LINA!!!!!!
"...ei sukkerbøsse som jeg stjal fra skapet for senere å gå med den gjømt i ei lita barneveske og helle stjålne sukkerdæsjer inn i munnen når ikke de voksne så det."
Juryen grunngjev kåringa med at Lina si vesle samling av ulike minne var både absurd og godt gjenkjenneleg - ein frisk kombinasjon. Lina får si eksklusive "Tenk på konsekvensene"-T-skjorte om nokre dagar. Me skal også legge ut bilete av denne flotte premien snart (me må berre laga ho først...). Så følg med, følg med - T-skjorta er på nett om nokre dagar.
I mellomtida seier me GRATULERER til Lina!

